Ørsta Rock
Tilrettelegging for utøvande rockemusikarar og -publikum i Ørsta-regionen
Siste nytt frå Twitter/Facebook
No skal vi lage øvingslokale - dugnad på Lystad skule laurdag 10. april!
08/04/2010 23:02
Ørsta Rock-dugnad på Lystad skule laurdag 10. april -
no skal det bli stell på øvingslokala! Så ta på deg
snikkarbuksa og møt opp i 10-tida om "morgonen", så
hamrar me laust! Ørsta Rock stiller sjølvsagt med
kaffe. Og brennsnut! Dersom du vil vere med - meld
gjerne di interesse i førekant på Facebook. Vél møtt!
Lineup SPON 2010
25/03/2010 00:05
Årets Spon RockFestival vert arrangert 22.
mai. Med
Lillasyster
og Black
Debbath øvst på plakaten, så
burde festivalen allereie vere ein suksess -
dette veit
vi blir bra!
Black Debbath har dessutan med seg Brødrene Löwenstierne, som kjem til å opne årets festival. Vi har også booka det spanande bandet SIBIR, med blant andre bassisten frå Span. I tillegg stiller fleire av våre lokale heltar opp igjen. The Clinton Experience har vore aktive sidan SPON 2009 og skal i studio i løpet av året, Heartbrekkers har funne nye feite Foo Fighters-låtar og anna god rock og grønsj å covre, og Stingray vil vere i sitt rette element på årets festival, som vert arrangert samstundes med- og i samarbeid med det årlege Amcar-treffet. Og vi får endeleg eit gjensyn og gjenhør med det argaste AC/DC-tributebandet i mils omkrins - High Voltage! I tillegg kjem Exposed to Failure, som også var eit aktuelt namn til SPON 2009. Nærare informasjon vil kome med det fyrste, så følg med på desse sidene og www.sponrock.no framover!

Black Debbath bekrefta til SPON!
19/02/2010 13:28
Black Debbath var det første namnet vi tenkte
på då vi starta opp Ørsta Rock og SPON i fjor. Dei
hadde diverre ikkje høve til å spele på SPON i 2009,
men no er dei i boks til årets festival!
Black Debbath likar Ørsta, og vi likar dei. Så vi ser storvegs fram til tung, tung moro, veldig høg lyd og i det store og heile eit dritfett konsept! Sjekk ut Black Debbath på deira offisielle heimeside.

30. april 2010: Mongo Ninja
19/02/2010 12:58
Natt til 1. mai kjem Kristoffer Schau til
bygda igjen, denne gongen med bandet Mongo Ninja.
Presseomtale:
Mongo Ninja fra Oslo, dundrer avgårde som et godstog og knuser all motstand med sin infernalske blanding av 78 punk, old school thrash metal og reinspikka boogierock. Det er klin umulig å ikke like dette bandet! Debutalbumet "...And The Wrist Is History" (Indie Recordings) er, uten tvil, fjorårets mest energiske og rabiate Norske rock/metal utgivelse og utløste hurrarop og hakeslepp fra Kristiansand til Hammerfest. I løpet av 2010 vil albumet bli lansert i hele Europa og Mongo Ninja er allerede i gang med oppfølgeren.
En konsert med Mongo Ninja er noe av det mest brutale, intense og desidert tøffeste du kan utsette deg selv for. Det er et hardkjør som ikke ligner grisen! Dette er ikke et band som kaster bort tid på pjatt, pustepauser eller annet vås. Du får rundjulig og du elsker det! Mongo Ninja er aggressivt som en skadeskutt gizzly på hevntokt, men selv om de glefser og slår i hytt og gevær, leverer de sine korte, lynkjappe og hysterisk fengende låter med kirurgisk presisjon. Mongo Ninja består av gamle travere som har drevet med rock, punk, metal og generell faenskap siden sent på 80 tallet og bandets CV inneholder blant annet navn som: The Cumshots, Emperor, Blood Tsunami, Scum, Lobotomized, Russian Poker og Hellride.
Sjekk ut Mongo Ninja på MySpace.

19. mars 2010: Breed
15/02/2010 20:09
Breed opna Spon RockFestival 2009 og sparka dermed i
gang rockesesongen i Ørsta i fjor. No gjer dei det
same fredag 19. mars på Rust club & scene i
Ørsta, som er fyrste konserten til Ørsta Rock i 2010.
Og dei lovar å sparke enda hardare denne gongen ...
Med deira eigne ord:
Breed steps out of
the studio and onto a stage near you to blow your
eardrums!!
After a long productive winter in the studio, Breed
emerges having recorded another killer album. We have
booked some dates to shake the hibernation out of our
systems. First to get hit is Ørsta.
For dei som ikkje kjenner til bandet, med tidlegare
"ørsting" Maurice Adams i spissen, så kan de lese omtalen frå fjorårets
SPON-festival.
Meld deg på Facebook-eventen her.
SPON 2010
09/02/2010 23:54
Hell yeah, det vert SPON også i år!
Og første headliner er allereie i boks: argaste Lillasyster frå Sverige!!!
Årets Spon-nettside er under utvikling, men ved å følgje oss via RSS, Facebook eller Twitter, vil du bli mata med feite rykter og ferske nyhende i tida framover.
Hey Spon!
2010 - Here we come!
03/02/2010 23:44
Vyrde rockar!
Etter ein månad i ”dvale”, der vi har prøvd å hente oss inn etter ei hektisk julefeiring, er no Ørsta Rock i startgropa til eit nytt år.
Vi har nøkkel til vårt gilde øvingslokale på Lystad i bukselomma, og har starta arbeidet med å få dette klart til bruk. Vi håpar på å kunne åpne dørene for brukarar i løpet av dei komande vekene. Dette blir ein gild deal for band og musikarar i regionen som treng ein stad å spele. Vi ser for oss lokala kan gjere sitt til at rockarar møtes og dannar nye koalisjonar av dobbeltpedalar og fuzzgitar, som i sin tur igjen kanskje kan avle fram nye band vi kan sette på scena.
For tida held vi på med å planlegge aktivitetane framover våren. Vi skal halde fram med å tilby publikum både lokale band og større navn på Rust. Dei som var til stades på Rust på arrangementa i regi av Ørsta Rock i fjor haust såg i alle fall ut til å kose seg storleg! Personleg fekk eg helsa på og snakka med mange av publikum på desse kveldane, og vi fekk mykje gode tilbakemeldingar.
Spon?? Å jada! Vi tek mål av oss til å arrangere nok ein festival. Vi leverte eit knallhardt klagebrev til værgudane etter Spon RockFestival i fjor, og har motteke all verdens slags beklagelsar. Det er på bakgrunn av dette blitt lova eit heilt anna vær i år.
Planlegginga av Spon har nett teke til, så derfor har eg ikkje all verdens med detaljar å kome med i skrivande stund. Men alle oppdateringar om tid, stad, artistar og andre ting, vil sjølsagt fortløpande verte lagde ut på nettstaden vår.
Vi har nyleg sendt ut e-postar med faktura for medlemskontigent 2010. Som dei fleste sikkert legg merke til, er denne auka til kr. 200,- i år. Dette har vore den planlagde prisen heile tida, men sidan Ørsta Rock i praksis ikkje kom skikkeleg i sving før på seinsumaren i fjor, syntes vi det var for gale å krevje meir enn halv pris i 2009.
Som medlem får du:
• Muligheit til å bruke øvingslokala til meget gunstig pris
• Medlemspris på våre arrangement
• Eit frykteleg gildt medlemskort i ekte laminert papir
Vi vonar så mange som mogleg vel å halde fram med å stå som medlem i Ørsta Rock, og ønsker alle gamle og nye medlemar eit rocka 2010!!
Er du ikkje medlem? Meld deg inn her!
Mvh. Styret i Ørsta Rock.
- Knut, Arnfinn, Bernt, Hans, Håvard, Jan Terje, Jossi, Olav Sindre, Porshad og Vidar
Mellombels nettside
01/02/2010 23:25
Vi fekk problem med nettsidene våre frå 2009 grunna ei oppgradering av webserveren nettsidene ligg på. I den samanheng har vi arkivert gamlesidene i ei 2009-mappe, og vil heller lage ei ny nettside for 2010 (og framover) i næraste framtid. Enn så lenge vil denne nettsida fungere som ein portal for alt Ørsta Rock-relatert, med aktuelle nyhende og lenkjer.